Sjå tala for vitskapleg publisering i 2022

NVI-rapporteringa (Norsk vitskapsindeks) er no klar, og for første gong sidan rapporteringa starta viser tala ein nedgang. Resultatet ligg likevel over 2020-resultatet, noko som gjer at det er 2021 som skil seg ut førebels med det største talet på publikasjonar frå norske forskarar.

14. april 2023

Totalt vart det rapportert 29 167 vitskaplege publikasjonar i 2022. Dette er ein nedgang på 1905 publikasjonar samanlikna med 2021, der det vart rapportert 31 072 vitskaplege publikasjonar.  

Talet er likevel over 2020-resultatet, der det vart rapportert 28 181 publikasjonar.

Publikasjonskanalane er inndelte i to nivå, der nivå 1 gir normal utteljing og dekkjer dei kanalane som gir ut 80 prosent av publikasjonane. Nivå 2 gir ekstra utteljing og omfattar dei mest store og kvalitetskrevjande kanalane, som gir ut 20 prosent av publikasjonane.

I 2022 er 21 528 vitskaplege publikasjonar publiserte på nivå 1, og 7639 er på nivå 2.  Nivåinndelinga blir fastsett av det nasjonale publiseringsutvalget.

Nøkkeltal frå 2022-rapporteringa

  • Universitets- og høgskulesektoren (UH) rapporterte 25 356 vitskaplege publikasjonar mot 26 834 i fjor. For helsesektoren er resultatet 4 933 i år mot 5 184 i fjor, og for forskingsinstitutta 5 842 i år mot 6 155 i fjor.  
  • Alle tre sektorar som rapporterer for finansiering via resultatbasert omfordeling, har dermed ein nedgang i talet på rapporterte vitskaplege publikasjonar samanlikna med i fjor.  
  • Arkiv- bibliotek- og museumssektoren har registrert 79 publikasjonar, mot 59 i fjor. I 2022 var det også fleire museum som tok i bruk Cristin, samanlikna med året før.
  • Trenden med at internasjonalt samarbeid aukar held fram, og det er også færre publikasjonar som berre kjem frå éin forskingsinstitusjon. 
Sjå all statistikk frå NVI-rapporteringa på cristin.no
Resultater fra NVI-rapportering 2011–2022
Grafen viser resultat frå NVI-rapportering i Norge frå 2011–2022

Synliggjer resultat frå norsk forskning

Det er 12. gongen NVI-rapportering skjer via Cristin. Til neste rapportering vil den nye nasjonale løysinga, som skal erstatte dagens Cristin, vere på plass. Her får du ikkje berre informasjon om norsk forsking, men sjølve resultatet blir også publisert i løysinga. 

– Dette håpar vi vil bidra til å gi endå meir synlegheit og openheit for forskinga. Sjølv om tal åleine har ein avgrensa verdi, bidreg dette til at Noreg har ei god og kvalitetssikra kjelde til informasjon om resultat frå norsk forsking, seier Frode Arntsen, produktområdeleiar for forskingsinformasjon i Sikt.  

– Rapporteringa bidrar til å synleggjere norske forskarars innsats, og har vore med på å bevisstgjere både leiinga ved norske forskingsinstitusjonar, andre forskarar og samfunnet elles om kva norske forskarar presterer, utdjupar Arntsen.

Rapporteringa bidrar til at Noreg har ei god og kvalitetssikra kjelde til informasjon om resultat frå norsk forsking, og er med på synleggjere innsatsen til forskarane.

-Frode Arntsen, produktområdeleiar for forskingsinformasjon i Sikt.
Resultater fordelt på publikasjonsform og kvalitetsnivå per sektor
Resultat for 2022, fordelt på publikasjonsform og kvalitetsnivå per sektor
Sjå all statistikk frå NVI-rapporteringa på cristin.no

Aktuelt fra Sikt