Med lov skal data delast - høyringsfråsegn frå Sikt

Ny lovgiving om vidarebruk av offentlege data (NOU 2024:14) har vore på høyring. Lovforslaga er svært relevante for Sikt og brukarane våre, og vi har derfor ønskt å nytte oss av høvet til å påverke forslaget gjennom å gi ei høyringsfråsegn.

12. desember 2024

Kva innspel har Sikt gitt?

Dei viktigaste fem bodskapane frå Sikt i høyringsinnspelet om NOU 2024:14 "Med lov skal data delast" har vore:

1: Viktig å innføre ny datadelingslov

  • EU-regelverket bør raskt bli del av norsk lov, fordi datadeling gir store samfunnsmessige fordelar.

2: Tydelege plikter og føreseieleg finansiering for offentlege verksemder

  • Loven må vere tydeleg på kva plikter offentlege verksemder får. Dette for å sikre einskapleg praksis som fremjar datadeling.
  • Det må vere meir føreseieleg kva for nokre økonomiske og administrative konsekvensar lovforslaget får for offentlege verksemder. Inkludert korleis infrastrukturar for datalagring og deling skal finansierast.

3: Tydeleg og brukarvennleg regelverk

  • Departementet bør vurdere om nye føresegner kan bli integrerte i eksisterande lovar, framfor å innføre dei som nye lovar (unngå fragmentering).
  • Ny lov må gi klare definisjonar av "vidarebruk" og "forskingsdata".
  • Det må vere tydeleg kva typar forskingsdata det blir plikt til å dele.
  • Loven må ha klare definisjonar og grenseoppgangar mellom data som skal delast og data som skal vernast.

4: Krav til standardisering og interoperabilitet

  • Loven bør stille krav om at data blir gjort tilgjengeleg i standardformat som fremjar interoperabilitet. Samtidig må krava vere gjennomførbare for offentlege verksemder.
  • Tilrår å lovfeste metadatastandardar som støttar FAIR-prinsippa, for å sikre at data kan bli delt og gjenbrukt effektivt.
  • Microdata.no, utvikla av Sikt og SSB, er ei tverrsektoriell plattform. Gjer det mogleg med sikker og effektiv kopling og analyse av beskytta registerdata frå fleire sektorar.

5: Prioriteringsråd og nasjonal datakatalog

  • Rådet som skal prioritere kva data som skal bli delt, bør ha ei brei samansetning og inkludere representantar frå kommunal sektor, næringsliv, forsking, media og sivilsamfunnet.
  • Nasjonal datakatalog (data.norge.no) bør bli vidareutvikla. Ikkje berre vere tilgangspunkt (der brukarar får tilgang til data), men også informasjonspunkt – der brukarar får rettleiing og støtte til å finne, forstå og bruke offentlege data.
Les høyringfråsegnet frå Sikt til NOU 2024:14 Med lov skal data delast

Aktuelt fra Sikt