Lytta til kvalar utanfor Svalbard

Fiberkabelen til Forskningsnettets mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund på Svalbard har gjort det mogleg å sende tilnærma «live» strøyming av data om livet og geofysisk aktivitet i arktiske farvatn.

Forskarar ved NTNU og Cornell University har samla inn og overført nærare 7 terabyte med rådata dagleg til NTNU i Trondheim, over ein periode på 40 dagar, gjennom forskingsnettet.

Dette har dei gjort ved hjelp av ein optisk sensorteknikk kalla Distributed Acoustic Sensing (DAS).

Foto av blåhval som svømmer i havet, sett ovenfra
Foto: Chase Dekker/Shutterstock

Gir nye og spennande moglegheiter

Rådataene har så blitt analysert. I materialet har forskarane bak studien mellom anna kunna identifisere over 830 kvallydar, ei rekkje jordskjelv, skipstrafikk og fjerne stormar.

Forskarane ser ei rekkje bruksområde for denne typen data i framtida.

– Å bruke Sikts fiberoptiske infrastruktur på denne måten gir oss forskarar nye og spennande moglegheiter. For det første opnar det for ny forsking å bruke vanlege fibrar til å måle akustiske signal over eit svært breitt frekvensområde (frå millihertz til kilohertz) både til havs og på land, seier ein av forskarane bak studien, Martin Landrø.

Landrø er professor i geoakustikk ved Institutt for elektroniske system (NTNU) og leiar av Centre for Geophysical Forecasting.

– I tillegg kan vi bruke systema til Sikt for å overføre store datamengder i sanntid. Kopla saman med AI og andre analysemetodar gir dette nye og uante moglegheiter innan overvaking og varsling, fortel Landrø. 

Meir informasjon