Fridom til å skape den beste løysinga
– For meg er det viktig å ha ein arbeidsgivar som gir meg plass, høyrer på meg og lèt meg utvikle meg.

Rurik Greenall jobbar som seniorutviklar i Sikt.
– Det er viktig for meg å jobbe med noko som betyr noko. I Sikt jobbar vi med å gjere informasjon tilgjengeleg for alle. Det vi gjer påverkar ikkje berre det som skjer i Noreg, men har ringverknader internasjonalt.
Ein av våre tenester er Nasjonalt kunnskapsarkiv (NVA), som samlar publikasjonar og og andre forskingsresultat og gjer dei ope tilgjengeleg i ei felles nasjonal løysing. Kort sagt, alle norske forskingsresultat tilgjengelege i éi teneste.
Sjå ledige utviklarstillinger i Sikt
Eit viktig samfunnsoppdrag
– For meg er det givande å jobbe med noko som er etisk rett og nyttig. Eg ønskjer å bruke kunnskapen min til det beste for samfunnet, og i Sikt får eg vere med å utvikle tenester akkurat for det, fortel Rurik Greenall.
Rurik er ein utviklar med sterke meiningar om faget. For han er det viktig å ha fridom, tryggleik og ein god tilbakemeldingskultur:
– Eg hadde ikkje kunna jobbe kor som helst. Fridommen og tryggleiken vi får her er unik. Det er viktig for meg å ha ein arbeidsgivar som skaper eit arbeidsmiljø der alle tør å komme med si meining – uavhengig om ein er senior eller junior.
Rurik fortel at sjølv om dei kan ha faglege diskusjonar i teamet, er dei flinke til å finne løysingar saman:
– Dei beste løysingane oppstår når alle jobbar saman. Det høyrest kanskje ut som ein klisjé, men her stemmer det, seier Rurik.
Universell utforming og inkluderande løysingar
Sikt jobbar med å gjere informasjon og kunnskap tilgjengeleg for alle. Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å sørgje for opne standardar. Alt som blir gjort og levert skal vere universelt tilgjengeleg for å sikre at alle skal bruke og dra nytte av løysingane som blir laga. Rurik synest dette er givande:
– Det å kunne bruke kunnskapen og kompetansen min til å lage løysingar som inkluderer alle, gir meg ei god kjensle. Vi har heile tida høve til å vere med å påverke korleis eit problem skal løysast, og dessutan gi råd om kva verktøy som skal brukast.
Tilsette i Sikt er ein viktig del av problemløysinga. Sikt ser etter dei beste metodane for å levere funksjonalitet. Her vil ekspertisen til kvar enkelt derfor ha stor påverknadskraft.
– I Sikt utviklar vi oss kontinuerleg ved hjelp av å bruke både dei beste verktøya som finst, og ved å vere nysgjerrige. Teknologi utviklar seg i ein rasande fart, og derfor er det viktig å ikkje stå fast i dei same spora. Sikt er definitivt plassen å jobbe, viss du liker å få faglege utfordringar, konstaterer Rurik Greenall.