Internettforskning og forskning på sosiale medier

Forsking på internett og sosiale medium blir stadig meir vanleg. Les meir om kva aspekt ved personvernet du må vere klar over, om du hentar data frå internett eller sosiale medium. 

Internettforsking skal meldast dersom prosjektet behandlar personopplysningar. Altså om det blir registrert opplysningar i datamaterialet som kan sporast tilbake til at ein eller fleire enkeltpersonar. 

Døme kan vere lagring av skjermbilete/dokument frå opne eller lukka diskusjonsforum som inneheld brukarnamn på diskusjonsdeltakarane eller ved lagring av direkte sitat som er søkbare. 

Kjenneteikn og utfordringar ved internettforsking 

I NESH sin informasjon om internettforskning er det påpekt fire aspekter som gir kommunikasjon på internett en annen karakter enn kommunikasjon i andre kanaler:

  • Informasjonen blir lagret
  • den er søkbar
  • den kan kopieres
  • det er ofte uklart hvem som er publikum

Skiljet mellom privat og offentleg

Skiljet mellom privat og offentleg er sjeldan tydeleg når det gjeld innhald på internett. At data er «ope tilgjengeleg» betyr ikkje nødvendigvis at det er «offentleg». 

Internett blir nytta på ulikt vis av ulike personar, og vi har ulike forståingar og forventningar til korleis data vi deler på nett kan brukast og bli brukt. 

Lagring av innhald

Noko innhald på internett blir lagra permanent, medan anna blir hyppig redigert. Uvisse rundt kor lenge informasjonen vil vere lagra, og dermed tilgjengeleg for deg og andre, kan by på ulike utfordringar. 

Noko innhald kan bli sletta under prosjektperioden. Dette kan vere ein grunn til å lagre ein kopi av innhaldet gjennom prosjektperioden.

Anna innhald kan bli lagra permanent eller spreidd til nye kanalar. Dette kan medføre at innhaldet potensielt alltid vil vere søkbart, og at søkbarheten kan auke over tid. 

Identiteten til brukarane

Det er heller ikkje alltid lett å vite kven internettbrukarar er, eller om det faktisk er eit menneske i det heile.

Det er lett å skjule identitet på internett og vanskeleg å sikre at opplysningane som blir ikkje samla inn tilhøyrer barn eller andre sårbare personar. Eller at informasjonen ikkje er generert av bots eller falske kontoar. 

Ved forsking på internett er det også ofte vanskeleg å vite akkurat kva opplysningar som vil inngå i datamaterialet, og kva du som forskar skal ta høgd for. 

Kva må komme fram i meldeskjemaet?

  • Kva slags opplysningar er du interessert i, og som er nødvendig for å oppnå formålet.
  • Kva data er du eigentleg ikkje interessert i, men som sannsynlegvis vil inngå i datamaterialet likevel. Skisser opp tiltak som blir gjort for å minimere slike data.
  • Korleis data skal registrerast og behandlast.
  • Kva avvegingar du har gjort, spesielt knytt til relevante utfordringar for prosjektet ditt.

Omfanget av beskrivingane, og krava til avvegingane som blir gjorde, vil avhenge av ulempa for personvernet. 

Vurder personvernulempa

I internettprosjekt avheng personvernulempa mellom anna av: 

  • Mengde data om den enkelte registrerte 
  • Mengde data totalt, knytt til korleis opplysningane blir samla inn (notat, klipp-lim, skjembilder, webscraping osv.) 
  • Kva type forum opplysningane blir frå henta, og kor offentlege brukarane reknar desse foruma. 
  • Kor stort fokuset på individ er.
  • Kor sensitive opplysninga er (særlege kategoriar av personopplysningar) og om dei er av privat karakter.
  • Om internettbrukarane blir rekna som ei sårbar gruppe.
  • Kor identifiserbare opplysningane er.
  • Kor lenge opplysningane skal behandlast og i kva form.
  • Om personopplysningar skal publiserast.

Tiltak for å redusere ulempa

Kva tiltak for å redusere ulempa som vil vere formålstenleg varier, og avheng av formålet med prosjektet. Rådgivaren din hos Sikt vil hjelpe deg med å finne eigna tiltak for prosjektet ditt. 

Døme på eit slikt tiltak kan vere val av metode som gir betre kontroll over kva opplysningar som blir registrerte. Eller at brukarnamn og andre identifiserbare opplysningar blir tidleg fjerna i prosjektet. 

Informasjon til dei registrerte 

Hovudregelen er at de registrerte skal få informasjon om behandlinga, også ved internettforskning.

Dersom du meiner det skal gjerast unntak frå den individuelle informasjonsplikta, må du argumentere for dette. 

Relevante faktorar vil vere: 

  • om informasjonen blir henta frå eit ope eller lukka forum/nettside. 
  • om det er praktisk mogleg å gi informasjon, storleiken og identifiseringsgrada frå utvalet vil her spele inn.
  • omfanget av opplysningane og sensitivitetsgrad.
  • om personopplysningar skal publiserast eller lagrast vidare. 

Du kan også vurdere om informasjon om prosjektet kan bli gjort tilgjengeleg på andre måtar, til dømes via diskusjonstråden eller gruppa du hentar data frå.

Behandlingsgrunnlag 

Det varierer om du bør eller kan innhente samtykke frå nokon eller alle registrerte, eller om andre behandlingsgrunnlag kan vere aktuelle. 

Ved bruk av allmenn interesse som behandlingsgrunnlag må ein veie samfunnsnytta/nytta av opplysningane opp mot personvernulempa og tiltaka. 

Les meir om samtykke og andre lovlege grunnlag for behandling her

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Relaterte sider om personvern i forsking