Informasjon om open forsking

Open forsking handlar om fri tilgang til resultat frå offentleg finansiert forsking. Sikt informerer om open forsking via nettstaden openscience.no. 

Nettstaden openscience.no gir generell informasjon om open forsking og rettleiingar til forskarar, institusjonar og ålmenta om korleis ein kan publisere, finansiere og få tilgang til forskingsresultat. 

I tillegg blir nettstaden brukt til å informere om forhandlingane for open tilgang, om Plan S og arbeidet som gjerast nasjonalt. 

Kva er open forsking? 

Open forsking (open science) handlar i si enklaste form om gratis og fri tilgang til resultat frå offentleg finansiert forsking, men omgrepet brukast òg om meir omfattande endringar av det vitskapelege systemet.  

Ein vanleg definisjon av open forsking inkluderer som regel open tilgang til publikasjonar (open access), opne data, open kjeldekode og opne læringsressursar.

Fleire aktørar i Noreg arbeider med og har ansvar for ulike delar av det som fell inn under definisjonen.  

Korleis er nettstaden utvikla? 

Openscience.no er ei vidareføring av openaccess.no. Sikt har tatt ei rolle i arbeidet med å koordinere kunnskap, informasjon, nyheiter og arrangement.

Vi får hjelp av ei rekke ekspertar som bidrar med innspel og kompetanse. Det gjeld særleg informasjon om forskingsdata og forslag til utvikling av tenesteutvikling for open forsking ved fag- og forskingsbibliotek.