Gjennomføre eit prosjekt anonymt

Dersom prosjektet ditt berre behandlar anonyme opplysningar, skal du ikkje melde det til Sikt. Du må då passe på at dataene ikkje kan bli sport tilbake til enkeltpersoner på noko tidspunkt i prosjektet.

Ei behandling blir rekna som anonym dersom det ikkje er mogleg å identifisere enkeltpersonar på noko tidspunkt av datainnsamlinga.

Om du berre skal behandle anonyme opplysningar, skal du heller ikkje melde prosjektet til Sikt.

For helseforskingsprosjekt: Merk at sjølv om prosjektet blir rekna som anonyme etter personopplysingslova og ikkje skal meldast til Sikt, kan det likevel vere det må meldast til REK (Regionale etiske komitear).

Kva er anonyme data?

Eit anonymt datamateriale består av opplysningar som ikkje på noko vis kan identifisere enkeltpersonar – verken direkte, indirekte eller via e-post/IP-adresse, eller koplingsnøkkel.  

Avidentifiserte data er ikkje det same som anonyme data.

Viss ein har avidentifiserte data har forskar/databehandlar/registereigar ein koplingsnøkkel med ID til sjølve datamaterialet. Det er difor ikkje anonymt. 

Moglege framgangsmåtar for ikkje å behandle personopplysningar 

Her er nokre moglege framgangsmåtar for ikkje å behandle personopplysningar i forskingsprosjektet.

Intervju og observasjon

Ved intervju og observasjon, registrer data berre i form av notat (ikkje lydopptak). Pass på at ikkje namn eller personidentifiserande bakgrunnsopplysningar blir noterte i datamaterialet. 

Anonyme spørjeskjema

Viss spørjeskjema blir innhenta i papirform, og ikkje inneheld utan namn og indirekte identifiserande opplysningar, kan data haldat anonyme.

Nettbaserte spørjeskjema må bruke anonym løysing (m.a. at e-post- til respondenten/IP-adresse ikkje på noko tidspunkt blir knytt til spørjeskjema), og at sjølve spørjeskjemaet ikkje inneheld spørsmål om identifiserande opplysningar.

NB! Dei fleste nettbaserte spørjeskjema inneber registrering av e-post-/IP-adresse. Du må då melde behandlinga, sjølv om det eventuelt berre er tenesteleverandøren som har tilgang til opplysningane. 

Bruk registerdata

Registerdata (aggregert statistikk på gruppenivå) kan brukast utan å melde prosjektet, så lenge data er anonyme.

Det finst ei rekkje anonyme registerdata tilgjengeleg på nett, m.a. via oss i Sikt, som formidler data til forsking på vegner av fleire aktører, deriblant SSB. 

Her får du oversikt og kan søkje i datasamlingane til Sikt

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Ressurssider for personvern i forsking