Forvaltningsdatabasen

Forvaltningsdatabasen er ei kartlegging av organiseringa til staten i departement og ytre etatar i Noreg etter 1947. Den gir oversikt over den hierarkiske strukturen og korleis denne strukturen har endra seg over tid.

I Forvaltningsdatabasen finn du systematisert informasjon om oppbygginga og virkemåten til den norske statsforvaltninga over ein lang tidsperiode.

Databasen omfattar alle einingar i departementa, og dessutan alle statlege verksemder direkte knytte til departementa, i perioden etter 1947.

Kva kan du bruke dataene til?

Forvaltningsdatabasen gir grunnlag for forsking om organisering og endring i statsforvaltninga i perioden. Den kan også brukast av forvaltninga som grunnlag for å føre ein kunnskapsbasert forvaltningspolitikk i staten. 

Basen omfattar over 5000 unike einingar, der fordelinga er om lag slik:

  • 2400 interne einingar i departementa,
  • 2400 ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter eller forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
  • 200 statlege selskap
  • 100 statlege stiftingar  

Eit register over organisatoriske endringar

Databasen er også eit register over alle organisatoriske endringar desse verksemdene har gått gjennom i løpet av perioden. Alle former for skipingar, omorganiseringar og nedleggingar er registrerte, til saman om lag 13 500 registreringar.

Forvaltningsdatabasen inneheld i tillegg data om relasjonane mellom einingar som inngår i ein endringsprosess. Basen er utbygd til å omfatte basisinformasjon om verksemdene, m.a. data om tilsette, lovgrunnlag, årsmeldingar og relevant litteratur (forskingspublikasjonar).

Organisasjonsnummer og kopling til Einingsregisteret i Brønnøysund, i tillegg til koplingar til Arkivportalen og Stortingets sakregister, er også lagt inn. 

Bestille data

Nokre data har avgrensa tilgangsvilkår, medan andre er ope tilgjengeleg for nedlasting.

Dersom datasettet er tilgjengeleg ved bestilling, må du fylle ut ei prosjektskildring og eit bestillingsskjema.

Les meir om korleis du bestiller data her

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.