Først på nett i Europa

Den norske nettinfrastrukturen har vore i verdstoppen heilt sidan den spede starten av internett. Noreg hadde faktisk Europas aller første internettsamband!

Internett starta som eit prosjekt for å kople amerikanske universitet og forskingsinstitusjonar saman med det amerikanske forsvaret.

Nettet fekk namnet ARPANET (Advanced Research Projects Agency Network). Hausten 1969 hadde dei kopla saman fire datamaskiner, og nettet vaks hurtig.

Opna 20 minutt før London

Forskningsnettet i Noreg kan sporast heilt tilbake til 1973 då NORSAR (Norwegian Seismic Array) på Kjeller fekk ARPANET-tilknyting.

Sambandet mellom Kjeller og USA vart opna 20 minutt før eit tilsvarande samband til London. Noreg hadde derfor Europas aller første internettsamband!

Dette var på mange måtar spiren til Forskningsnettet Uninett, som i samarbeid med fleire universitet i Noreg vart etablert som eit prosjekt i 1976.

To fingre som peker på en jordklode med piler som kobler land sammen
Foto: Shutterstock/Sdecoret

Kontinuerleg utvikling

Sjølv om det har gått i eit rasande tempo, handlar kunnskap likevel om å byggje stein på stein, og ekspertisen vår er med på å kontinuerleg vidareutvikle Forskningsnettet.

På 70-talet var det ingen som kunne sjå for seg kor raskt eller i kva retning utviklinga ville gå. Teamet bak Forskingsnettet skal no kartleggje noverande og framtidige behov i Kunnskaps-Noreg.

– Mellom anna skal vi sjå på kor store delar av Forskningsnettet som bør oppgraderast til såkalla dedikert mørk fiber og optisk spektrum i dei ulike kabelsystema som går på langs, kryss og tvers i Noreg, fortel Olaf Schjelderup, produktområdeleiar for Forskningsnettet i Sikt.

Utviklinga må leggje til rette for eit nettverk som dekkjer meir enn dagens minstekrav til eit godt og robust nett.

– Ei så stor og omfattande investering må også ta høgd for framtidige behov, og bruksmåtar av infrastrukturen som kan dukke opp i eit 15–20-årsperspektiv, understrekar han.