Forsking på barnevernet

Forsking på familiar i kontakt med barnevernet eller barn som bur i fosterheimar pålegg forskaren eit særskilt ansvar for å ta vare på interessene til deltakarane.

Familiar i kontakt med barnevernet, eller barn som bur i fosterheimar, er i ein sårbar situasjon. Som forskar har du derfor eit særskilt ansvar for at å vareta interessene til deltakarane.

Skjerpa krav til forskinga

Forsking på sårbare grupper bør berre gjennomførast dersom det ikkje er mogleg å løyse problemstillinga på annan måte.

Ved forsking på sårbare grupper er det skjerpa krav til at forskinga er godt grunngitt og utførleg beskrive. Dette gjeld i alt frå utforming, utøving av rettar og etikk. 

Deltakarane kan bli påførte ei unødig stor belastning dersom det ikkje blir utvist varsemd under datainnsamling, eller når det blir gitt gi ut opplysningar om dei. 

Andre måtar å forske på barnevernet kan vere gjennom intervju med barnevernstilsette eller dokumentstudiar.

Opplysningar om helseforhold 

Opplysningar om at eit barn er under barnevernet eller bur i fosterheimar, og opplysningar om at vaksne er i kontakt med barnevernet medfører ei behandling av særlege kategoriar av opplysningar om helse.

I meldeskjemaet blir dette hukt av på sidan "type opplysningar". 

Teieplikt 

Tilsette i barnevernet og fosterforeldre er underlagt teieplikt, og kan ikkje gi opplysningar til eit forskarprosjekt om enkeltbarn, foreldra deira eller annan teiepliktig informasjon utan at teieplikta blir oppheva. 

Teieplikta kan anten bli oppheva ved samtykke eller ved dispensasjon. 

Når du som forskar får data og/eller observerer, vil du vere underlagd tilsvarande teieplikt. Teieplikta gjeld ikkje berre ovanfor andre, men også ovanfor barnevernet.

Hente samtykke til dispensasjon frå teieplikt

Ved innhenting av samtykke, må den som løyser andre frå teieplikta si forstå kva dette inneber. Dei må få informasjon om kva opplysningar det gjeld, kven som skal ha tilgang til opplysningane, og kva opplysningane skal brukast til. 

Det er den tilsette i barnevernet som må innhente og oppbevare samtykket. Som forskar må du forsikre deg om at teieplikta ikkje er til hinder for datainnsamlinga, men du skal ikkje nødvendigvis sjå sjølve samtykket.

Søkje om dispensasjon frå teieplikt

Dersom det av ulike årsaker ikkje kan innhentast samtykke, kan det søkjast om dispensasjon for teieplikta.

Styresmakt til dispensasjon er gitt til Barne- og likestillingsdepartementet. Spørsmål og avklaringar om dette må gjerast med Bufdir. 

Rekruttering av deltakarar

Rekruttering av deltakarar som er, eller har vore knytt til barnevernet på ulike måtar, må skje utan at teieplikta blir broten. Den vanlegaste framgangsmåten er at barnevernet tar kontakt med det aktuelle utvalet på vegner av forskaren.

Utvalet tar så sjølv kontakt med deg. Eventuelt kan du bli tilsend kontaktopplysningar etter at personen har sagt at det greitt at prosjektet tar kontakt. 

Det er sjølvsagt viktig å sikre at utvalet forstår at det er frivillig å delta i forskingsprosjektet, og at det ikkje får nokon konsekvensar for den vidare oppfølginga frå barnevernet.

Du må sikre at deltakaren ikkje opplever maktutøving, eller press i relasjonen, i måten rekrutteringa blir gjennomført på.

I nokre tilfelle kan det vere ein fordel at spørsmålet om å delta blir formidla av nokon som har naturleg tilgang til kontaktopplysningar utan hinder av teieplikt, men som ikkje står i eit direkte forhold til vedkommande. 

Kven kan samtykke (samtykkekompetanse) 

Når barn inngår i prosjektet, er det i utgangspunktet den eller dei med foreldreansvaret som må samtykke til at barnet kan delta i forsking.

Som regel har foreldre/føresette (biologisk og/eller adoptivforeldre) framleis foreldreansvaret, sjølv om omsorga er overdratt til barnevernet og barnet til dømes bur i fosterheim. Foreldreansvaret kan likevel nokre gonger ligge hos barnevernet. 

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Relaterte sider om personvern i forsking