Brukartest for tilsette og studentar

UH Sak gjennomførte i byrjinga av november 2022 ein første brukartest av ny løysing for tilsette og studentar. Deltakarane testa portalane eller "inngangsportane" der studentar og tilsette mellom anna finn søknadsskjema, oppgåver og status på dei sakene dei har meldt inn.

Testarane kjende ikkje portalane eller løysingane frå før. I testen fekk dei nokre oppgåver dei skulle løyse i portalen, og dei fekk gi tilbakemeldingar på korleis dei syntest opplevinga var.

Studentportalen

Førsteinntrykket til studenten var at portalen er oversiktleg, ho fann fram og fekk gjort oppgåvene i testen. Ho nemner likevel ein ting som ho ikkje syntest fungerte så bra i testversjonen av portalen, og det var søkjefunksjonen. «Dei fleste studentar er litt late, og vil komme raskt til målet. Derfor er eit godt søkjeverktøy veldig viktig».

Samanlikna med andre system studentane må ta omsyn til, oppleva ho det som at studentportalen hadde eit heilskapleg uttrykk, som gjorde at ein heile tida kjenner seg igjen.

Dei som arrangerte testen fekk også skryt for at dei var flinke til å stille spørsmål og oppmuntra testarane til å seie akkurat det dei meinte.

Tilsettportalen

Anne Grethe Holthe Nilsen testa tilsettportalen. Ho arbeider ved Dokumentsenteret ved Nord universitet. For Anne Grethes del gjekk testen føre seg via Teams. Ho fekk ulike oppgåver som ein saksbehandlar vil gjere i UH Sak.

«Systemet ser greitt ut», seier Anne Grethe. «Men det må jobbast med gode norske tekstar, slik at det blir meir logisk». Men ho poengterer at det ser meir brukarvennleg ut enn det ho arbeider med i dag.  «Likevel ønskjer eg at det blir sett stort fokus på søkjefunksjonaliteten, då eg meiner det er ein av dei viktigaste tinga for å få saksbehandlar til å bruke systemet når dei søkjer etter det dei treng. Det fungerer dårleg i systema våre per i dag», seier Anne Grethe til slutt.

John Brumo er professor ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU. Han opplevde at det stort sett gjekk greitt å finne fram i brukargrensesnittet. Han fekk også gitt tilbakemelding på struktur og organisering av dette.

Opplevinga av systemet synest John stort sett var bra. Det opplevast moderne og relativt intuitivt. «Menyen var ganske logisk, slik eg kan vurdere det. Heldigvis var det ikkje altfor mykje informasjon på kvar side, eller altfor mange «klikkemoglegheiter», seier John.