Bestillingstenester for BIBSYS-konsortiet

Sikt tilbyr ulike tilleggstenester for Alma og Oria, som blir gjorde på bestilling frå medlemmene.

Les meir om korleis du kan få importert data, slått saman institusjonar i systemet, eller gjere endringar på domenenamn og IP-adresser.

Import av bibliografiske data

Sikt tilbyr tenester for å importere bibliografiske data i Alma. Dette blir gjort ved hjelp av API-er og verktøy levert av Ex libris. 

Sjå rettleiing for bibliotek som nyttar Alma og ønskjer å tilføre data frå andre baser inn i instansen sin

Import av brukardata

Sikt tilbyr tenester for import av brukardata. Dette omfattar studentar og tilsette som lånarar i Alma og brukarar av Oria. 

For førespurnader om import av brukardata, kontakt support.bibsys.no

Sammenslåing av institusjonar i Alma

Ei samanslåing er ei bestillingsteneste for institusjonar som bruker Alma og som skal slåast saman. Tenesta må betalast av kvar enkelt institusjon. 

Sjå meir informasjon om samanslåing av institusjonar der ein eller fleire bruker andre biblioteksystem enn Alma.

Endring av domenenavn og IP-tenester

Informasjon om domenenavn og IP-nummer brukes for å gi tilgang til våre tenester og ved produksjon av statistikk.

Ved feil eller endringar i domenenavn eller IP-nummer, send ein førespurnad til support.bibsys.no/ og gi ei tilbakemelding på: 

  • Namnet til institusjonen 
  • Domenenavn 
  • IP-nummer 
  • Navn på leiaren i biblioteket 
  • E-postadresse til leiaren i biblioteket