Vitskapleg publisering i 2024 på nivå med året før
NVI-rapporteringen (Norsk vitskapsindeks) er no klar. 28 701 viteskaplege publikasjonar blei rapportert inn for 2024, et resultat som er litt lågare enn året før. Kanskje ser vi no at publiseringsnivået flater seg ut totalt sett.
9. april 2025
Norsk vitskapsindeks (NVI) er ein årleg status for den vitskaplege aktiviteten ved norske universitet og høgskular, og i instituttsektoren og helseføretaka. NVI-rapporteringa starta i 2011, og fristen for årets rapportering var 1. april.
Totalt blei det rapportert inn 28 701 vitskaplege publikasjonar utgitt i 2024. Dette er litt lågare sammenligna med 2023, der det blei rapportert 29 134 vitskaplege publikasjonar.
21 256 publikasjonar er publiserte på nivå 1, medan 7 445 er publiserte på nivå 2, som gir ekstra utteljing.
Sjå all statistikk frå NVI-rapporteringa på cristin.no.
Fakta om NVI-rapporteringa
- I 2011 fekk Noreg felles rapportering av vitskapleg publisering for UH-sektoren, instituttsektoren og helseføretaka. Den norske publiseringsindikatoren omfattar alle desse tre sektorane.
- Norske universitet og høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak er pålagde å rapportere den vitskaplege aktiviteten sin, og denne inngår i Norsk vitskapsindeks (NVI). Sidan 2011 har denne indeksen gitt ein årleg status for den vitskaplege aktiviteten i Noreg. Frå og med rapporteringa av 2023-publikasjoner er ikkje vitskapeleg publisering grunnag for finansiering i UH-sektoren, medan dei to andre sektorene får noko av si finansiering på bakgrunn av desse tala.
- Rapporteringa har skjedd via Cristin, det nasjonale forskingsinformasjonssystemet. Frå 2026 vil rapporteringa skje via NVA - Nasjonalt vitenarkiv, der ein både får tilgang til informasjon om norsk forsking, og sjølve forskingsresultatet (t.d. publikasjonen, artikkelen) blir gjort opent tilgjengeleg og kan lesast.
- Publikasjonskanalane som gir utteljing på NVI-rapporteringa er inndelt i to nivå. Nivå 1 gir normal utteljing, medan nivå 2 gir ekstra utteljing og omfattar dei største og mest kvalitetskrevjande kanalane. Nivået blir fastsett av Det nasjonale publiseringsutvalet.
- I mai 2024 leverte Det nasjonale publiseringsutvalet utredninga si om den framtidige rolla til publiseringsindikatoren. Utvalet foreslo nokre forenklingar, og arbeidet med dette går føre seg nå.