Gå til hovedinnhold

Vestland fylkeskommune gir elevane tilgang til trygg KI

Mange elevar i Noreg bruker i dag kunstig intelligens. Det kan være til å gjere lekser, til å skrive og få svar på ting dei lurer på. KI-verktøya er gjerne private, uregulerte og utanfor skulen sin kontroll. Då mistar lærarane moglegheita til å rettleie, og elevane mistar ei trygg ramme for læring.

24. april 2026

Vestland fylkeskommune har gått føre og lyst ut eit anbod for å sikre alle dei vidaregåande skulane sine ei trygg og ansvarleg KI-løysing. Valet fall på Sikt KI.

Trygg og ansvarleg bruk av KI i skulen

Sikt KI vann anbodet i konkurranse med tre private aktørar. Det gir rundt 21 000 elevar og nærmare 4000 tilsette ved dei 41 vidaregåande skulane i fylket tilgang til ei sikker KI-teneste, utvikla spesielt for undervisning og kunnskapssektoren.

– Vi er stolte over tilliten frå Vestland fylkeskommune. Det viktigaste for oss er at elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane no får tilgang til KI-verktøy dei kan stole på, med personvern og tryggleik på plass, seier produkteigar for Sikt KI, Jardar Leira.

Målet for Vestland fylkeskommune var å skaffe ei løysing som effektiviserer arbeidsprosessar, forbetrar informasjonsdeling, og som støttar tilsette og elevar utan å gå på kompromiss med personvern og informasjonstryggleik.

Med Sikt KI får skulane:

  • ei løysing som følgjer norsk lovgiving og kravet sektoren har til personvern og tryggleik
  • eit verktøy der lærarar og tilsette enkelt kan byggje eigne KI-assistentar for faga og dele dei med elevar og kollegaer
  • detaljert tilgangskontroll: institusjonen styrer sjølv kva funksjonar, assistentar, språkmodellar og datakjelder som blir tilgjengelege for brukargrupper og enkeltbrukarar
  • støtte for språkmodellar frå fleire leverandørar, og moglegheit for institusjonen å kople til eigne modellar
  • kontroll på data: samtalane til kvar brukar er lagra krypterte med ein personleg nøkkel, og blir ikkje brukte til å trene språkmodellar
  • eit norskt, sektororientert alternativ til globale KI-tenester

– Med Sikt KI kan lærarane våre enkelt laga og dela læringsassistentar tilpassa sine fag og elevgrupper. Til lanseringa i slutten av mai har me eit utval ferdige assistentar klare, men det er når lærarane sjølve byrjar å skapa sine eigne at det verkeleg blir spennande, seier Ole Henrik Mølmann, seniorrådgjevar ved Vestland Fylkeskommune.

Kva er Sikt KI?

  • Sikt KI er ei norsk, sektororientert KI-teneste utvikla for universitet, høgskular, skular og forskingsinstitusjonar.
  • Løysinga gir brukarane tilgang til språkmodellar frå fleire leverandørar og bildegenerering innanfor trygge rammer, der personvern, informasjonstryggleik og norsk lovgiving er vareteken.
  • Tekstane brukarane skriv i Sikt KI blir ikkje brukte til å trene kommersielle språkmodellar.

Ta kontakt om du vil lære meir!

Veit du om nokon som kunne ha tenkt seg å lære meir om Sikt KI? Vi held gjerne ein uforpliktande demonstrasjon. Kontakt oss via kontakt@sikt.no.

Aktuelt fra Sikt