Gå til hovedinnhold

Tre institusjonar er klare til å prøve ut Analyseplattformen

I løpet av hausten skal tre institusjonar i gang med å bruke første versjon av Analyseplattformen frå Sikt. Dei tre pilotinstitusjonane er Høgskulen på Vestlandet, Høgskolen i Østfold og Universitetet i Søraust-Noreg.

2. september 2025

Analyseplattformen skal gje dei statlege universiteta og høgskulene oversikt over eigen verksemd på tvers av sentrale fagområde som økonomi, lønn og personale, utdanning og forsking. Plattforma er utvikla ved bruk av felles investeringsmidlar frå dei statlege universiteta og høgskulene.

Dei tre institusjonane som skal prøve ut Analyseplattformen først, er alle spente på kva for gevinstar dei kan få av bruken. Høgskulen på Vestlandet er den institusjonen som har kome lengst med å prøve ut plattforma.

Vi på Høgskulen på Vestlandet forventar at Analyseplattformen skal gje dei som treng det kvalitetssikra og lett tilgjengelege data, seier seniorrådgjevar Einar Brobakke.

Vi tenkjer at dei som særleg treng dette er folk som brukar data i analyser, rapportar, saksutgreiingar og avgjerdsgrunnlag, og leiarar og avgjerdstakarar på alle nivå i organisasjonen vår som treng eit best mogleg kunnskapsgrunnlag både for avgjerder i det daglege og kring langsiktige vegval.

Stort gevinstpotensiale

Høgskulen har behov for kvalitetssikra og tilrettelagde data heilt uavhengig av Analyseplattformen, held Brobakke fram.

Men denne løysinga – viss vi gjer ting rett – har eit stort gevinstpotensiale mellom anna fordi vi får data som er organisert og til å stole på, vi kan hente data for vidare analyser og rapportar éin stad, med eitt grensesnitt og éin funksjonalitet, og vi får satt saman data frå ulike kjelder.

Det gjev oss også større tryggleik fordi drift, vedlikehald og utvikling skjer i eit meir robust miljø enn vi har kapasitet til å utvikle sjølve. Potensialet ligg i å betre kunne realisere samfunnsoppdraget og strategiske mål og ambisjonar, betre utnytting og styring av ressursar, og utvikle ein meir effektiv tenesteproduksjon.

Meir kunnskapsbasert avgjerdsgrunnlag

Gevinstane kjem ikkje av seg sjølv, understrekar Brobakke:

For å kunne hente ut dei positive effektane av Analyseplattformen må fleire ting på plass. Mellom anna må plattforma bli kjelda for data og analysegrunnlag i heile organisasjonen, og vi må slutte å bruke eigne skuggeregister og -system som overlappar. Vi må ha tolmod med at plattforma blir utvikla over tid, og at alt vil ikkje vil vere på plass frå dag éin.

Vi må ha vilje til å dele erfaringar og lære av andre. Vi må og vere budd på å måtte gjere endringar i arbeidsrutinar, malar med vidare, mellom anna vil forventingane til sjølvhjelp og servicenivå bli endra. Og til sist; viss vi først ønskjer et meir kunnskapsbasert grunnlag for avgjerder, så må vi også ha vilje til å faktisk ta avgjerder på dette grunnlaget, avsluttar Brobakke.

Tre nivå tilpassa ulike behov

Det er store skilnader i behova til universiteta og høgskulene. Derfor tilbyr Analyseplattformen tre ulike tenestenivå med grensesnitt tilpassa brukarbehova:

  • Nivå 1 for institusjonar som har sitt eige datavarehusmiljø, med både verktøy og kompetanse til å byggje eller vidareutvikle datamodellar frå rådata.
  • Nivå 2 for dei som ønsker å nytte felles datamodellar og dele kompetanse med andre tilsvarande institusjonar, samstundes som dei nyttar eigne analyseverktøy eller byggjer eigne rapportar for leiinga si.
  • Nivå 3 for dei som ønsker ei ferdig løysing med tilpassa brukargrensesnitt og rapportar. Gjennom pilotsamarbeidet ønskjer Sikt å utvikle eit knippe rapportar som gjer verdi for pilotinstitusjonane, samstundes som dei kan bli tilbydde andre institusjonar på nivå 3.

Universitetet i Søraust-Noreg skal teste ut nivå 2 av Analyseplattformen, medan Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Østfold testar ut nivå 3.

Kva skjer vidare?

Pilotane vil bruke hausten 2025 til å teste ut løysinga på økonomi- og lønnsområdet. Erfaringane frå pilotane dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med Analyseplattformen, både med tanke på funksjonalitet og med tanke på vidare utrulling i UH-sektoren.

For 2026 er planen å sjå nærare på rapportering og analyse av utdannings- og forskingsdata.

Sikt leverer òg andre datavarehusløysinger til universitet og høgskuler, mellom anna STAR datavarehus med data frå Felles studentsystem.

Les meir om Analyseplattformen

Aktuelt fra Sikt