Sikt – ein integrert del av studentkvardagen
Tusenvis av studentar tek no fatt på eit nytt studieår. Dei færraste veit nok at dei då bruker ei rekkje tenester levert av Sikt. Gjennom heile studietida – frå opptak og registrering, til internettoppkobling og søk på biblioteket – støttar løysingane frå Sikt studentane i kvardagen.
12. august 2024
Dei nye studentane har allereie nytta seg av Samordna opptak når dei søkte om og takka ja til studieplass. Samordna opptak blir administrert av HK-dir, og Sikt står for den tekniske løysninga.
Ved studiestart må studentane registrere seg til semesteret gjennom Studentweb, ein applikasjon i Felles studentsystem. Her betaler dei òg semesteravgifta si og melder seg opp til eksamen.
Etter dei er registrerte kan studentane laste ned digitalt studentbevis på mobilen. Slik får dei enkel tilgang til tenester fra studentsamskipnaden, og dessutan studentrabatter på buss, tog og andre tenester. Studentbeviset gjeld som European Student Card, og kan brukast i heile Europa.
Bruken av tenestene i kvardagen
Norske studentar har med seg ein digital Feide-identitet fra grunnutdanninga. Feide-identiteten, som er levert av Sikt, bruker dei vidare i studiane, både til å logge seg på tenester frå Sikt, og tenester frå andre leverandører som bruker Feide.
I samband med oppgåver og prosjekter kan studentane få hjelp til å opprette ein datahandteringsplan og fylle ut meldeskjema for personopplysninger. Og når dei skal finne bøker og andre ressursar hos biblioteket, er det bibliotekenestene til Sikt som leverer søketenesta Oria.
Andre tenester fra Sikt som studentane kan komme til å bruke i løpet av studietida er til dømes:
- læringsplattform/LMS
- digital eksamen
- verktøy for videoundervisning
- pensumlistesystem
- Filesender for overføring av store filer
- Sikt KI-chat
Alle desse tenestene er skaffa eller utvikla av Sikt i samarbeid med institusjonane, og blir forvalta av Sikt på vegner av sektoren.
Alltid på nett – over heile verda
Eit moderne studentliv krev tilgang til internett. Studentane kan setje opp det trådlause nettverket eduroam frå Sikt. Dette gjer at du automatisk er på nett på alle campusar i Noreg, i tillegg til ein del av studentbyane, og dessutan alle flyplassar.
Eduroam er eit internasjonalt samarbeid, og gir like enkel nettilgang ved dei fleste campus i utlandet. Under det heile ligg Forskningsnettet, som gir raskt og sikkert internettsamband mellom universiteta og høgskulene opp mot resten av verda.
Sikt bidreg òg til studentutveksling gjennom tenester som Emrex og Erasmus Without Paper, som gjer det enklare å for utveksle studieadministrativ informasjon og resultater.
Feide er dessutan knytt til det europeiske samarbeidet eduGAIN, som gjer at studentane ofte kan bruke den samme pålogginga dei bruker her heime under utenlandsoppholdet.
Administrativ støtte til studentar og tilsette
Når studentane skal søkje jobb eller vidare studier, finn dei alle vitnemåla sine i Vitnemålsportalen, som gjer det enkelt og sikkert å dele dokumenta med arbeidsgivarar og studiestader.
I tillegg til dette sørgjer Sikt for ei heil rekkje underliggjande system, for å støtte og forenkle administrasjon, og for å planlegge og gjennomføre utdanninga ved norske universitet og høgskular.