Strategi for vidareutvikling av løysingane for utdanning og administrasjon

Ein porteføljestrategi for vidareutvikling av IT-løysingane Sikt leverer for å støtte opp under utdanninga og administrasjonen ved universitet og høgskular, er nyleg vedteken.

3. september 2024

Produktporteføljen for utdanning og administrasjon består av mange verksemdskritiske system. Fleire av desse er no under modernisering eller nyanskaffing. Opptakssystem og Felles studentsystem (FS) blir fornya, og det blir nyskaffa fleire viktige system i marknaden.

– For å sikre koordinert utvikling og maksimalisere verdien av investeringane som universiteta og høgskulane gjer i porteføljen, er det utarbeidd ein samla strategi for vidareutvikling av porteføljen dei neste fem åra, seier divisjonsdirektør Terje Mørland i Sikt.

– Strategien er òg ei viktig plattform for kommunikasjon, og skal bidra til god planlegging og samhandling mellom Sikt og institusjonane. 

Strategidokumentet gir mellom anna oversikt over produkta i porteføljen og samanhengen mellom dei, og angir overordna prioriteringar i arbeidet med å vidareutvikle porteføljen i eit femårsperspektiv.

Figuren under viser dei viktigaste løysingane i porteføljen, og korleis dei er integrerte med kvarandre.

Illustrasjon av samanhengar og dataflyt mellom produkta innan utdanning og administrasjon

Prioriteringar i strategien

Prioriteringane i porteføljestrategien er samla under fem overskrifter:

  1. Maksimere verdien av eksisterande produkt og tiltak: Eksisterande produkt og pågåande investeringstiltak blir prioriterte. Vi skal få mest mogleg ut av det vi allereie har sett i gang. Samtidig skal dei eksisterande systema fungere godt til kvar tid.
  2. God styring og organisering av porteføljen: Vi definerer ein basisportefølje av prioriterte løysingar som vi fokuserer innsatsen på. Dette er løysingar som dei aller fleste institusjonane har behov for. Gevinstane per investert krone blir størst når kostnadene kan delast på mange. Vi tek omsyn til at institusjonane har ulike ønske og behov og har ein tilleggsportefølje som det òg er nyttig for fleire institusjonar å samarbeide om.
  3. Setje brukaren i sentrum: Vi skal gjere kvardagen enklast mogleg for brukarane, gjennom få og enkle brukarflater, god dataflyt og gjenbruk av data, og gode og saumlause integrasjonar mellom dei ulike systema.
  4. Fleksibel arkitektur med god dataflyt: Mange av løysingane er integrerte med kvarandre og delar data. Vi skal ha ein arkitektur som gjer at vi lett kan skifte ut enkeltkomponentar og gjenbruke komponentar både innan og på tvers av løysingar.
  5. God utnytting av teknologi og kompetanse: Vi skal aktivt utnytte nye moglegheiter som kunstig intelligens. Sikt og institusjonane skal samarbeide tett og utnytte den samla kompetansen i sektoren godt i vidareutviklinga av porteføljen.

Det er laga ei kortfatta oversikt over prioriteringane i strategien. Bakgrunn og nærare forklaring på prioriteringane er skildra i sjølve strategidokumentet.

Del av eit større strategiarbeid for produktporteføljane

Porteføljestyret for utdanning og administrasjon, som er ansvarleg for strategien, har jobba med han sidan juni 2023.

– Vi har hatt arbeidsmøte og drøftingar både fysisk og digitalt, og nyttige innspel har komme både frå institusjonane og frå dei fire underliggjande produktråda. Desse har parallelt jobba med produktstrategiar for sine område som går meir i djupna, og som blir ferdigstilte i haust, fortel prorektor Marit Reitan frå NTNU, som leier porteføljestyret.

Det er viktig for porteføljestyret at vi får ferdigstilt og henta ut gevinstane av dei mange tiltaka som allereie er i gang. Det kjem vi til å følgje tett framover saman med produktråda.

-Prorektor Marit Reitan, NTNU, leiar av porteføljestyret

Porteføljestyret for utdanning og adminstrasjon er ein del av samstyringsmodellen for digitalisering i høgare utdanning og forsking.

I samstyringsmodellen inngår det òg porteføljestyrar for forskings- og kunnskapsressursar, og for data og infrastruktur. Desse er òg i gang med å utarbeide strategiar for sine område.

Aktuelt fra Sikt