Sikt ønskjer innspel til ny teknisk fagspesifikasjon for AV-løysingar i UH-sektoren
Sikt har sendt ut ei høyring om ny funksjonsbeskriving og teknisk fagspesifikasjon (TFS) for audiovisuelle løysingar (AV) i universitets- og høgskulesektoren.
3. juni 2025
Høyringa gjeld UFS 116 – Funksjonsbeskrivelse Av-utstyr for undervisnings- og møterom, med vedlegg UFS 119 – Tekniske og funksjonelle systemkrav for Av-utstyr.
Kven står bak arbeidet?
Dokumenta er utarbeidde av ei breitt samansett prosjektgruppe for Av-utstyr, med deltakarar frå universitet, høgskular, Sikt og rådgivingsselskapet COWI. Gruppa er etablert av Sikt for å styrkje arbeidet med Av-løysingar i sektoren, og har som formål å utvikle tilrådingar, dele erfaringar og bidra til betre samarbeid på tvers av institusjonar. Spesifikasjonane er førte i pennen av COWI.
Kvifor er høyringa viktig?
Høyringa gir alle relevante aktørar eit høve til å gi innspel før dokumenta blir fastsette. Målet er å sikre at spesifikasjonane er best mogleg tilpassa behova i sektoren, og at dei legg til rette for:
- Betre koordinering og samarbeid mellom Av-miljø, systemadministratorar og produksjonsmiljø.
- Auka erfaringsdeling og betre utnytting av ressursane.
- Ein meir effektiv bruk av kommande av-avtalar.
Alle som jobbar med AV-løysingar eller har interesse for feltet, blir oppmoda til å lese gjennom dokumenta og sende inn tilbakemeldingane sine. Dette er ei viktig moglegheit til å påverke korleis sektoren organiserer og utviklar AV-løysingar framover.
Frist for innspel: Fredag 20. juni
Send innspel på e-post til kontakt@sikt.no og merk med «Høyring UFS116-Leif Kristiansen»