Puttar du kabelen din inn i kva som helst?

Du kjenner deg sikkert igjen. Du ventar på bussen. Mobilen din treng straum, og du treng mobilen til å kjøpe billett. Så hendig, eg kan berre plugge ladekabelen min inn i USB-porten på bussen, tenkjer du.

24. april 2023

No finn du desse hendige USB-portane nærmast overalt. På toget, på flyet, i baren, og på venterommet.

Men, visste du at ein USB-port ikkje berre gir mobilen din straum? Den gjer òg det mogleg for andre å hente informasjon frå telefonen din.

Når du bruker tilfeldige USB-portar på bussen, kan  du i teorien gi kven som helst tilgang til ALT på telefonen din. Både passord, personlege bilete og bank-innlogginga di. Du vil ikkje merke det ein gong, for mobilen din blir lada som normalt.

Derfor, lad mobilen din via ein vanleg stikkontakt eller med den personlege batteripakken din.

Fotografi av en dame som holder en USB-kabel

Symptom på at eininga di er kompromittert

Har du synda med ein USB-port, og er usikker på om nokon har fått tilgang til mobilen din? Då kan du vere obs på desse symptoma: 

  • batteriet ditt blir tømt raskare enn normalt 
  • ukjende appar dukkar opp på eininga di 
  • dei personlege kontoane dine fungerer ikkje som normalt 
  • pop-ups med spam dukkar opp

Når uhellet er ute

Ta kontakt med IT-avdelinga ved verksemda du jobbar i viss du er usikker på om eininga di er kompromittert.

Aktuelt fra Sikt