På veg mot eit samanhengande økosystem for open forsking i Europa
EOSC (European Open Science Cloud) er eit europeisk initiativ for open forsking. Målet er å utvikle eit økosystem for forskarar som gjer FAIR forskingsdata tilgjengelege, saman med ulike verktøy og tenester.
14. november 2024
FAIR er eit engelsk akronym som står for Findable, Accessible, Interoperable, Reusable, altså eit mål om at data skal vere finnbare, tilgjengelege, mogleg å kople saman med andre data og mogleg å gjenbruke.
EOSC skal tilby saumlaus tilgang til data og tenester, og etablere standardar for utveksling og integrasjon. I oktober blei første ledd i dette tilbodet lansert: EOSC EU Node.
Plattform og infrastruktur
EOSC EU Node er ei plattform og infrastruktur som støttar forsking på tvers av disiplinar og landegrenser, i Europa og resten av verda. Plattforma tilbyr brukarvennlege verktøy som støttar forskingsprosessar og arbeidsflyt for planlegging, gjennomføring og formidling av forsking.
Noden skal vere ein infrastruktur som opnar moglegheiter og gir tilgang til tenester innanfor datahandtering og -lagring, berekning og analyse, og overføring og utveksling av data.
Med EOSC EU Node kan forskere mellom anna:
- Finne, få tilgang til og bruke millionar av vitskaplege publikasjonar og data.
- Finne og få tilgang til gratis tenester og verktøy frå forskingsinfrastrukturar, teknologileverandørar, internasjonale forskingssamarbeid, med fleire.
- Opprette team og jobbe saman for å setje Open Science-prinsipp ut i praksis.
Plattforma støttar brukarar på alle stadium av forskingsprosessen, og fremjar samarbeid og innovasjon over heile Europa. Tanken er at EOSC EU Node skal vere malen for å etablere tilsvarande plattformer innanfor ulike forskings- og tenesteområde.
Sikt skalerer opp leveransen av FileSender
Sikt deltek i konsortiet som skal levere den delen av nodet som tilbyr applikasjonstenester for datahandtering, saman med mellom anna den svenske søsterorganisasjonen vår, Sunet, og det nordiske samarbeidet NORDUnet.
Sikt sitt hovudbidrag er å levere Filesender som teneste til EOSC. Filesender er ei teneste for sikker overføring av store filer, utvikla gjennom eit internasjonalt samarbeid der Sikt har vore ein sentral aktør.
Sikt leverer allereie Filesender til norsk forsking og høgare utdanning. No skal leveransen skalerast opp til å dekkje EOSC. Dette vil gi stordriftsfordelar og breiare bruksmoglegheiter, mellom anna gjennom nye integrasjonar.
Sterkt representert i EOSC-samarbeidet
I tillegg til å delta i konsortiet som skal levere datahandteringstenester, har Sikt mellom anna bidrege til arbeidet med integrasjon av data mellom forskingsdisiplinar, og vore med på å leie ei arbeidsgruppe for berekraftig finansiering.
Norske dataarkiv og forskingstenester skal koplast til EOSC-fellesskapen. Det at Sikt deltek aktivt i utforminga og operasjonaliseringa av EOSC gjer at vi kan påverke utforminga med tanke på norske behov. Gjennom deltakinga vil vi byggje kompetanse på å levere tenester til ein større europeisk fellesskap.
Ambisjonen er at norske forskarar skal ha enkel og saumlaus tilgang til data og tenester både på nasjonalt og europeisk nivå.
Saman med dotterselskapet Sigma2 vil Sikt utforske ytterlegare måtar å knyte norsk forsking til EOSC på, til dømes ved å etablere ein eigen norsk node i økosystemet.
Meir informasjon: