Ny rapport om Cris/NVA

Arbeidsgruppa beståande av deltakarar frå Universitets- og høgskolerådet (UHR), Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) og Sikt – Tenesteleverandøren til kunnskapssektoren har no levert frå seg rapporten sin.

26. januar 2023

Rapporten inneheld ein produktvisjon for løysinga, og ein samlande funksjons- og leveranseplan for Cris/NVA-prosjektet.

Bakgrunn for arbeidet med rapporten

Innføringa av Nasjonalt kunnskapsarkiv skal bidra til å realisere målet til regjeringa om at alle norske vitskaplege artiklar finansiert av offentlege midlar skal vere ope tilgjengelege innan 2024. Bakgrunnen for prosjektet var ei utgreiing frå Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høgare utdanning og forsking i 2019.

Utgreiinga tilrådde å realisere eit felles nasjonalt kunnskapsarkiv på same informasjonsarkitektur, og med funksjonaliteten frå dagens Cristin innebygde i den nye tenesta.

Kunnskapsdepartementet bad Unit (no Sikt) om å realisere eit felles nasjonalt kunnskapsarkiv, i tråd med utgreiinga og nye opplysningar som kjem til undervegs i prosjektet.

I februar 2022 ytra UHR og FFA bekymringar om det nye systemet i tilstrekkeleg grad ville femne alle brukarbehov, slik dei i dag blir varetekne i det eksisterande Cristin-systemet og dei lokale kunnskapsarkiva.

Ein samlande plan for funksjonar og leveransar

For å komme bekymringane i møte, vart det nedsett ei felles arbeidsgruppe med UHR, FFA og Sikt, for å utarbeide ein detaljert funksjons- og leveransebeskriving. Helseområdet var også representert ved Oslo universitetssjukehus.

Møtet i mars 2022 var veldig viktig, og har bidratt positivt for framdrifta i prosjektet.

-Frode Arntsen, produktområdeleiar for forskningsinformasjon, Sikt

– Arbeidet i arbeidsgruppa har både vore krevjande, nyttig og lærerikt, utdjupar Frode Arntsen, som også er prosjekteigar for Cris/NVA-prosjektet.

Rapporten frå arbeidsgruppa er no klar. Den detaljerte funksjons- og leveransebeskrivinga skal inngå i prosjektet sitt styringsdokument, som vil bli behandla i styringsgruppa for prosjektet og oppdatert på bakgrunn av rapporten.

– Dette prosjektet står no øvst på prioriteringslista i Sikt. Rapporten gir ein tryggleik i at det er felles forståing for kva prosjektet skal oppnå. Det er framleis ein del risikoar i prosjektet som må adresserast, og vi vil intensivere arbeidet med testing og brukarinvolvering utover våren, understrekar Arntsen.

Rapporten inneheld også ein samlande arbeidsplan, der ein skil mellom det som skal leverast før og etter sommaren 2023. Arbeidsgruppa vil halde fram med jamlege strategiske møte, for å forankre og følgje opp punkta i rapporten.

Aktuelt fra Sikt