Nasjonale register over utdanningar og kompetanse gir enklare tilgang til verdifulle data

I det digitale kunnskapssamfunnet er det viktig at kvar enkelt har oversikt over eigen kompetanse, og kan dokumentere og dele den digitalt.

27. juni 2024

Det gjeld til dømes når vi skal søkje studium og studielån, søkje jobb, stillingar som krev autorisasjon eller sertifikat, eller når politiet skal ferde ut politiattest. Når kompetanse kan dokumenterast på ein enkel, effektiv og sikker måte, gir det store gevinstar for kvar enkelt og for samfunnet.

Alle typar kompetanse – på ein trygg og sikker måte

Døma over viser at det er fleire typar kompetanse som kan dokumenterast, ikkje berre formell utdanning, men også kurs og vidareutdanning, mikrokvalifikasjonar (micro credentials), autorisasjonar, sertifikat og mykje anna.

Det er viktig at dokumentasjonen blir delt på ein sikker måte, slik at den som har behov for å kontrollere dokumentasjonen kan stole på kjelda, samtidig som personvernet til den som delar blir varetekne.

Det finst mykje data om kompetanse, og Sikt arbeider no med å samle dei for å gjere dei lettare tilgjengeleg. Det gjeld både digital oversikt over heile spekteret av utdanningstilbod i Noreg, og dokumentasjon av dei gjennomførte kompetansetiltaka til den enkelte.

Dagens register over folks kompetanse kan utvidast

Sikt forvaltar og tilbyr data frå Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), som inneheld dei fleste vitnemål frå vidaregåande opplæring sidan 2000. NVB blir brukt ved gjennomføring av Samordna opptak til grunnutdanningar, og vidareutviklinga av opptaksløysinga vil automatisere søknadsbehandlinga basert på data i NVB.

Vitnemålsportalen, som inneheld vitnemål frå norske universitet og høgskular, gir allereie kandidatar moglegheit til å dele vitnemåla sine digitalt med studiestader og arbeidsgivarar. Sikt tilbyr òg Studentbevis på mobil, som i løpet av 2024 vil fungere som studentbevis i heile Europa.

Med relativt enkle grep kan data om kompetanse som i dag er tilgjengeleg i NVB, Vitnemålsportalen og andre kjelder, samlast i eitt register. Slik vil vitnemål, karakterutskrifter, kurs, dokumentasjon av realkompetanse, etc. kunne bli tilgjengeleg i eit felles nasjonalt kompetanseregister. Sikt er allereie i gang med delar av dette arbeidet.

Nasjonalt register med oversikt over alle typer utdanningar

Det har fram til no mangla ei samla nasjonal oversikt over alle utdanningar i Noreg. Sikt har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å utvikle ei slik oversikt – Nasjonalt utdanningsregister.

Målet er å ha ei samla kjelde til alle akkrediterte utdanningar i Noreg, og at data frå denne kjelda skal støtte prosessar som treng tilgang til informasjon om utdanning. I registeret vil kvar enkelt institusjon og utdanning, frå heile gradar til enkeltkurs, få sin eigen unike digitale identitet. 

Registeret skal òg dokumentere endringar over tid, inkludert endringar i beskriving av institusjonar og utdanningar og endringar i akkreditering. Målet på lengre sikt er òg å få inn alle typar utdanning og kurs frå både den formelle og ikkje-formelle delen av utdanningssystemet.

Samling av data i tre register vil gi store gevinstar

Med eit nasjonalt utdanningsregister, eit nasjonalt kompetanseregister og eit tredje register som gir kvar enkelt av oss ein unik identitet som kan knytast til dei ulike kompetansane, vil vi få ein kraftfull nasjonal infrastruktur som vil gi store gevinstar.

Kvar enkelt bruker vil enklare kunne dokumentere kompetansen sin, arbeidsgivarar får tilgang til dokumentasjon som dei kan stole på, og offentlege instansar vil ved behov kunne kontrollere kompetanse på ein sikker og effektiv måte.

Aktuelt fra Sikt