Mot eit nytt verktøy for å planlegge datahandtering?
Ei arbeidsgruppe beståande av representantar for forskingsmiljøa har levert ei tilråding for kva verktøy for planlegging av datahandtering som er ønskt i forskingssektoren.
31. oktober 2024
Hausten 2023 inviterte Sikt UHR, NFR og FFA til å peike ut medlemmer inn i ei arbeidsgruppe som skulle sikre brei forankring om kva datahandteringsplanverktøy som er ønskt i forskingssektoren.
Arbeidet var ei oppfølging av tilrådingar som blei gitt i ein rapport frå UiB, NTNU, UIO og UiT (UB-BOTT). Denne rapporten gav ei vurdering av ulike datahandteringsplanverktøy som er tilgjengelege, både nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i september 2024, der dei tilrådde Sikt å gå vidare med Data Stewardship Wizard (DSW).
Arbeidsgruppa vurderte brukarbehov frå både finansiørar, forskarar, dataarkiv og lagringstenester, og rapporten framhevar behovet for ein maskinlesbar datahandteringsplan som kan utveksle informasjon med andre omliggjande system.
Tilråding om kva verktøy Sikt bør levere kjem på nyåret
Rapporten blei presentert for porteføljestyret for forskings- og kunnskapsressursar den 18. oktober, og tilrådinga blei teken godt imot. Det vil i samarbeid med brukarar arbeidast vidare med prioritering av integrasjonar og estimering av kostnader. Basert på desse skal porteføljestyret på nyåret ta stilling til om dei tilrår Sikt å levere DSW.
Inntil vidare vil Sikt DMP bli tilbydd slik han er i dag, men større vidareutvikling vil ikkje bli prioritert.
Vi vil oppdatere med meir informasjon om kva som skjer vidare, etter kvart som det blir bestemt.
Les rapporten frå den nasjonale arbeidsgruppa