Innføringskostnader for nye løysingar frå 2025 – Digitalt læringsmiljø

Sikt er i sluttfasen av å anskaffe nye løysingar for læringsplattform (LMS), digital eksamen og plagiatkontroll. Anskaffingane er forventa fullført i januar/februar 2025, med innføring og pilotprosjekt i løpet av 2025 og 2026.

29. oktober 2024

Det er viktig at universitet og høgskular held seg oppdatert om utviklinga, slik at dei kan førebu seg på implementeringa.

Store innsparingar

Den totale ramma for anskaffingane er rekna til 640 millionar kroner over åtte år.

Det er forventa store kostnadsinnsparingar gjennom betre vilkår ved fellesanskaffingar, og samarbeid mellom institusjonane om integrasjonar, juridiske vurderingar, forbetring av prosessar, med meir.

Prosjektkostnadene blir fordelte på dei som er med

Sikt har redusert prosjektkostnadene frå 24,5 til 15,9 millionar kroner, og kostnadene vil fordelast på deltakande institusjonar etter ein etablert modell.

Det er sendt ut eit brev til alle statlige universiteter og høgskular (UH-21) som beskriv kostnadsfordelinga meir detaljert. Alle prisane som er oppgitte er utan meirverdiavgift.

Institusjonane som vel å delta i dei nye fellestenestene vil få spesifikk informasjon om kostnader knytt til lokal implementering, migrasjon og personvernvurderingar. Det er allereie stor oppslutning om anskaffingane. Sikt vil gjennomføre ei kartlegging hausten 2024 om kva tidspunkt institusjonane ønsker innføring.

For å sikre ein smidig overgang til nye systema, vil den løpande tenesteavgifta for dagens tenester bli fakturert på vanleg måte i 2025. Full oversikt over innføringskostnadene per institusjon vil vere tilgjengeleg når anboda er avslutta. Sikt vil halde fram med å hjelpe institusjonane med prosjektleiing og nødvendig støtte i implementeringsfasen.

Private institusjonar kan òg delta

Dei private utdanningsinstitusjonane er invitert til å delta i dei nye tenestene på lik linje med dei statlege, sjølv om dei ikkje er avhengige av ein offentleg innkjøpsprosess.

Private institusjonar vil få felleskostnader knytt til anskaffing og innføring berekna etter same modell som dei statlege universiteta og høgskulane.

Aktuelt fra Sikt