Ikkje einigheit med Wiley om ny tidsskriftavtale frå 2025
Det har dessverre ikkje lykkast å kome til semje med Wiley om ein ny publiser og les-avtale. Sikt og forhandlingsrådet til Sikt har derfor avgjort at avtalen ikkje blir vidareført frå 2025.
4. februar 2025
Prisreduksjon var det viktigaste kravet i forhandlingane, som har vart sidan våren 2024. Avtalen har vore høgt prisa samanlikna med tilsvarande avtalar med andre forlag.
Prisreduksjon var prioritert, då dette er særleg viktig i ei tid med anstrengt økonomi for institusjonane.
Sikt har mottatt fleire tilbod frå Wiley, det siste rett før årsskiftet. Tilbodet inkluderte prisauke for ein publiser og les-avtale fra 2025, trass i at kravet var prisreduksjon.
Wiley har nyleg kunngjort at dette tilbodet er endeleg, og tilbodet blei ikkje akseptert av Sikt og forhandlingsrådet.
Andre avtaler for perioden frå 2025 er sluttforhandla
Sikt forhandlar og administrerer 32 lisensavtalar på vegner av norske forskingsinstitusjoner. I 2024 deltok 57 norske forskingsinstitusjonar i avtalen med Wiley, som gjer den til ein av dei største avtalane Sikt forhandlar.
Alle forhandlingane for 2025 har blitt gjennomført med akseptabelt resultat, og det er altså berre forhandlingane med Wiley som ikkje har ført fram.