Frukostwebinar om Sikt sine løysingar for utdanning og administrasjon
Vår webinarserie om løysingar for utdanning og administrasjon tek for seg viktige tema for universitet og høgskular.
22. oktober 2024
Vi ser nærmare på dei ulike løysingane, samanhengen mellom dei og kva som kjem når av nyutvikling og anskaffingar.
Rammer, målgruppe og tidsrom
Webinara er gratis, krev ikkje påmelding og er opne for alle. Dei rettar seg spesielt mot leiarar, systemadministratorar og andre involverte i IT-løysingar for utdanning og administrasjon.
Webinara blir arrangert annankvar onsdag frå 08.30 til 09.15, med rikeleg tid sett av til spørsmål og innspel.
Det er moglegheit til å sende inn spørsmål i forkant av seminara, eller komme med innspel til tema for seinare webinar på kontakt@sikt.no.
Frukostwebinar vinteren og våren 2025
8.1: Vegen vidare etter UH Sak
For å lykkast med effektive fellestenester er det viktig å evaluere og lære av tiltaka som har vore gjennomførte, både dei meir og dei mindre vellykka.
Som følgje av at UH Sak prosjektet er avslutta, har det oppstått ei uvisse i sektoren om vegen vidare. Det er viktig å tenkje grundig gjennom behova framover og sjå det i samanheng med erfaringane med dette prosjektet og generelt strammare økonomi i sektoren, før ein etablerer eventuelle nye fellestiltak.
Kva gjer Sikt og sektoren framover?
22.1: Administrative løysingar frå Sikt
Vil du få med deg kva som skjer innafor Sikts løysingar for mellom anna økonomi, rekruttering, lønn og personal?
Bli med på frokostwebinar og høyr om status for ERP-anskaffinga og andre nyheter, medan du tar morgonkaffen!
5.2: Analyseplattformen
Analyseplattformen er eit nytt basisprodukt frå Sikt. Målet med Analyseplattormen er å sørgje for kvalitetssikra og lett tilgjengelege data om verksemda for vidare analyser, beslutningar og strategiske val. Utviklinga av plattforma styres av eit produktråd leia av Audun Grøm frå NTNU, medan ansvaret i Sikt ligg hos produktområdeleiar Ole Martin Nodenes. På webinaret fortel dei om status og vidare planar for Analyseplattformen.
Bli med på frukostwebinar og høyr om verdia av å bli meir datadreven, medan du tek morgonkaffen!
19.2: Nye løysingar for digitalt læringsmiljø
Sikt har gjennomført anskaffing av nye system for digital eksamen, plagiatkontroll og læringsplattform (LMS). No er vi i gang med å planlegge innføring av dei nye systema. Fyll kaffikoppen og bli med på vårt frukostwebinar for å få med deg siste nytt om anskaffingane!
Frukostwebinar hausten 2024:
Vi opnar webinarserien med eit blikk på heilskapen i porteføljen. Deretter følgjer vi opp annakvar veke med meir spesialiserte tema og djupdykk.
13.11: Porteføljen – kva løysingar prioriterer Sikt, og korleis heng dei saman?
Korleis heng produkta innanfor utdanning og administrasjon saman, og korleis varetek vi denne heilskapen i utvikling og anskaffingar dei kommande åra?
Vi har definert ein prioritert basisportefølje av løysingar som skal gi mest mogleg nytte for flest mogleg til lågast mogleg pris. Akkurat no fornyar vi store delar av porteføljen. Når kjem dei nye løysingane?
Kva skal til for å lykkast med innføring av dei nye løysingane? Korleis skal vi samarbeide i sektoren for å få mest mogleg ut av dei eksisterande løysingane og sikre at sektoren får gevinstar av dei mange investeringane som blir no gjorde? Korleis kan vi leggje til rette for at institusjonar kan lage eigne spesialiserte løysingar på toppen av basisporteføljen?
Dette er blant spørsmåla som blir adressert i porteføljestrategien, og som vi gjekk nærare inn på i webinaret 13. november.
Sjå opptak frå webinaret (Vimeo)
27.11: Modernisert FS og opptak
Moderniseringa av FS og utvikling av ny opptaksløysing er godt i gang; API-er (grensesnitt) er allereie gjort tilgjengelege, men vi veit at det er mange som er nysgjerrige på kva som skjer, og ikkje minst korleis dei framtidige brukarflatene vil bli.
FS og Opptak heng framleis saman, men kva betyr det?
I webinaret gir vi ein smakebit på kva som kjem.
- Litt om kva som kjem når – kva er dei neste store milepælane?
- Korleis ser dei nye brukarflatene ut og korleis heng dei saman?
- Kva bør institusjonane førebu seg på?
Webinaret er ei moglegheit for studieadministrative leiarar og andre interesserte til å få oppdatert informasjon om moderniseringa og opptaksutviklinga.
Sjå opptak frå webinaret (Vimeo)
11.12: Fremtidas digitale læringsmiljø
Anskaffing av læringsplattform og nye løysingar for digital eksamen og plagiatkontroll er i sluttfasen. Kontraktar blir inngåtte tentativt i januar 2025.
Kva skjer etter kontraktane er tildelte? Korleis kan institusjonane slutte seg til avtalane? Kva blir planen for innføring, og kva blir gjord med tanke på integrasjonar og flytting av data og prosessar til eventuelle nye løysingar?
Alt dette gir vi svar på i webinaret den 11. desember.
Sikt sin utdanningskonferanse 19.–20. mars 2025
Vi minner òg om Sikt sin utdanningskonferanse, 19.–20. mars 2025 på Sentralen i Oslo. Konferansen rettar seg mot alle som arbeider med studieadministrative system og digitalt læringsmiljø på universitet og høgskular.
På konferansen vil vi adressere dagsaktuelle problemstillingar, i tillegg til å løfte blikket for å sjå på kva sektoren kan ha i vente i åra som kjem. Sett av datoen, meir informasjon om program og påmelding kjem.
Les meir om Sikt sin utdanningskonferanse.