Eksamen blir meir og meir digital
Ved NTNU blir det gjennomført i den digitale eksamenen vår i 3488 ulike emne med totalt 111 633 kandidatar. Dette utgjer 68 % av alle eksamenar ved universitetet.
23. mai 2024
Tendensen er den same i heile sektoren. Sidan det blei gjort ei felles anskaffing av digitale eksamenssystem i 2016, har andelen digitale eksamenar auka jamt og trutt.
– Utviklinga har vore rivande i desse åtte åra, seier forvaltningsleiar Arild Sørum Hjelle ved NTNU. – Frå vi byrja så smått i 2016 med 282 digitale eksamenar, har vi no komme dit at vi nesten ikkje gjennomfører skriftlege eksamenar av den tradisjonelle typen.
– Her i Trondheim har vi det vi kallar «Eksamenshuset». Den gamle postterminalen er bygd om til lokale for gjennomføring av digital eksamen. Her har vi kapasitet til å gjennomføre digital eksamen for inntil 1 660 kandidatar samtidig, og i vår har vi skift med inntil 83 ulike parallelle eksamenar.
– I Eksamenshuset har vi bygd ut teknisk infrastruktur for gjennomføring av digital eksamen, med straum og nettverk lagt opp til kvar enkelt plass.
Meir enn 700 plassar har faste, stasjonære PC-ar. På resten må studentane ta med eigen PC, og gjennomføre eksamen i nettlesaren Safe Exam Browser, som gjer at dei ikkje får tilgang til internett, eller filer og programvare på eigen maskin.
– På Sluppen har vi òg 590 teiknebrett til digital teikning og rekning, og 443 hovudtelefonar, for bruk på språkeksamenar med lytteprøvar, fortel Hjelle.
Rammeavtalar og sektorsamarbeid
Tenesta digital eksamen frå Sikt består av tilgang til rammeavtalar for digitale eksamenssystem, og dessutan nasjonalt samarbeid, standardisering av arbeidsprosessar og koordinering av utvikling for å støtte verksemdene i eksamensprosessen. I tillegg driftar Sikt integrasjonar mellom eksamenssystema og Felles studentsystem, arkivsystem og kunnskapsarkiv.
– Det er verkeleg eit nybrotsarbeid som har vore gjort i norsk UH-sektor, seier produktområdeleiar Vegard Moen i Sikt.
– I 2016 var systema for digital eksamen i sin barndom. Dei har utvikla seg veldig, samtidig som universiteta og høgskulane har hausta erfaringar og forbetra utnyttinga. No er norsk UH-sektor i ein unik posisjon internasjonalt, med cirka 80 % digital eksamen.
Moen understrekar at det at sektoren samarbeider om dei same to systema, gir oss store fordelar med deling av erfaringar, og felles utvikling av systema.
Ny anskaffing på gang
Med den utviklinga som har vore innanfor digitale eksamenssystem er det naturleg å sjå på kva som skal vere framtidsløysingane på feltet. Dette fell saman med at eksisterande avtalar nærmar seg utløp.
Derfor har sektoren og Sikt sett i gang anskaffingsprosessar for systema innanfor digitalt læringsmiljø, inkludert digital eksamen. I forkant av anskaffingane blei det gjennomført eit innsiktsprosjekt for å sjå på utviklinga i marknaden, endra brukarbehov og framtidige moglegheiter.
Anskaffingsprosessane er i gang, og det er forventa at nye avtalar for digitale eksamenssystem skal vere på plass våren 2025.
- Les meir om digital eksamen frå Sikt.
- Les meir om anskaffingar for digitalt læringsmiljø